9. nov, 2019

Vise ved vintersolkverv av Helge Stangnes

 

 

 

 

 

 

No sløkkes en dag som så vidt rakk å gråne
og vise fram landet ei skjømmingsblå stund,
og gjømt attom fjellan i aust står en måne
som snart skal strø sølv over fjorda og sund,
i sør ligg ei strime av lys over tindan
der dagen blør ut før han slokne førr godt,
og vi står igjen med oss sjøl og med minnan
i mørketidslyset der allting blir blått

Så kom og vær nær meg – vær sol i desember
når midtvinters-tanka tar rom i mitt sinn,
førr året må følle sin kurs og kalender
og stian blir tungtrødd når lyset førsvinn.
Men hold meg i handa og lær meg å vente
på solkvervingstimen då allting skal snu,
i mørketidslyset e varme å hente
førr den som har mot tel å trosse og tru

Ja, streif mine strenga og løys i meg tonen
tel landet som kvile ved midtvinterstid,
la mørketids-tankan og haust-depresjonen
få vike førr strofe av blå poesi.
Vi leve med rest av en sommar i minne,
i lengting mot daga vi ikkje har fått,
men kjem du meg nær skal vi solvarmen finne
i mørketidslyset der allting blir blått