Langs ei aa

Du Skog! som bøygjer deg imot
og kysser denne svarte Aa,
som grever af di Hjarterot
og ned i Fanget vil deg faa,
lik deg eg Mangein munde sjaa
og allerhelst i Livsens Vaar,
at han den Haandi kyste paa,
som slog hans verste Hjartesaar.