Olav H Hauge

Olav H. Hauge (1908-1994)

 

"Det er den draumen" 

Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Med 34 prosent av stemmene gikk Olav H. Hauges «Det er den draumen» av med seieren i NRKs dikt-kåring i 2016.

Det folkekjære diktet ble utgitt i 1966 i diktsamlingen «Dropar i austavind», og det var med andre ord en femtiårs-jubilant som ble stemt frem som Norges beste dikt gjennom tidene.   

 

 

 

 

 

Eg dreg ifrå glaset

Eg dreg ifrå glaset fyrr eg legg meg,
eg vil sjå det levande myrkret når eg vaknar,
og skogen og himmelen. Eg veit ei grav
som ikkje har glugg mot stjernone.

No er Orion komen i vest, alltid jagande –
han er ikkje komen lenger enn eg.
Kirsebærtreet utanfor er nake og svart.
I den svimlande blå himmelklokka
ritar morgonmånen med hard nagl.

Det blå landet

Det blå landet
Her er eg trygg, her er det eiker kring murane,
her blenkjer sundi bak havslitne fjell.
Stend eg innanfor glaset,
har dei veldige eikene
ein djup oljetone
som eit gamalt målarstykke,
på den emaljeblå himmelen
stend attgløymde skyer
i jag frå havet.

Eikelauv i haustsol!
Blålandet, berglandet, havlandet
og aldrar attum meg
i tung fargebragd
og gløding.

I dag er det kjøld og snøflingror i lufti,
dei nakne greinene grip som klør
etter varme og siste oson.

Eg gjeng i det blå landet
under fallande blokkor.
Og ein dag er Yggdrasil snaud.