1. des, 2019

Desemberdikt av Jens Haugan

Det er ikkje så mange ord
som rimar på desember.
Men ein kan jo ty til engelsk
og bruke ordet «remember».

Det er no i desember
ein hugsar og kjem på
at livet er så kort
at åra er så få.

Det er no ein går og hugsar
alt som eingong var.
Det er no ein veit og skjønner
kva ein hadde, og kva ein har.

Det er no i desember
ein hugsar at året er kort.
Ein hadde så mange planar,
men det var mykje ein ikkje fekk gjort.

Det er no i den mørke tida
ein hugsar og kjem på
at lyset vil komme tilbake
at bonden igjen skal så.

Det er no i desember
ein tenkjer på kvar ein står.
Det er no i desember
ein hugsar at det ventar ein ny vår.

Men det er òg no ein hugsar
at livet er så altfor kort.
Det er no ein må prøve å hugse
på alt ein ønskjer å få gjort.

Det er no i desember
ein kan sjå lette snøfnugg sveve,
som smeltar og blir borte så lett.
Det er no ein må hugse å leve.